Nyhende
VÄrprogrammet til filmklubben klart!
Lagt til 26.01.2009 10:23 av Catherine Cameron
Onsdag 28. januar opnar Stord filmklubb vårprogrammet med å bli med to sjølvmordsbombarar på veg til jobb, i den prislønna palestinske filmen Paradis Nå.
I filmen frå 2005 møter med to barndomsvener som blir rekruttert til å bli sjølvmordsbombarar i Tel Aviv. Filmen er eit lågmælt skrik om kvardagen i Midtausten, men han er òg skremmande aktuell og gir eit sjeldant innblikk i eit lukka miljø. Filmen blei nominert til Oscar for beste utanlandske film, og har vunne fleire prisar, mellom anna: Golden Globe, Beste europeiske film, publikumsprisen og den internasjonale Amnestyprisen, Berlin filmfestival 2005 og Beste manus, European Film Awards 2005.
17. desember feira Noregs første grøssarsuksess 50 år. 11. februar viser Stord filmklubb "De Dødes Tjern". Filmen, som er basert på ein roman av André Bjerke, var den første i landet som blei filma i cinemascope. Både regissør og fotograf fekk skryt for å meistra det store formatet fullt ut.
Filmklubben viser både eldre og nyare filmar i småsalen på Stord kulturhus. Du kan sjå verdas mest berømte filmkyss i Casablanca, heftige rytmar i Buena Vista Social Club og Sort Katt Hvit Katt. Japans største animatør viser kva han kan med Det levende slottet, og i Chunking Express får me solide dosar Hongkong, gatekjøkenmat, popmusikk og kjærleik.
God filmvår!
Kontaktpersonar i styret:
Svein Olav Langåker, 98242030
Trond Onarheim Leirvik, 91642606
Solveig Meyer Eide, 932 61 224
Meir om Stord Filmklubb