Nyhende

Fanari event 1 2010

Lagt til 28.01.2010 17:37 av Hege Økland

I samarbeid med Høgskulen Stord / Haugesund (HSH) inviterer Fanari til workshop 13. feb (kl 11-17 ).
Det vert open utstilling for alle 14. feb (kl 16-18).

Gjennom denne workshop'en vil me invitera til samarbeid og kreativ utfalding på tvers av kreative yrker, der inspirasjon, relasjonsbygging, samarbeid, kreativitet og nyskaping står sentralt.

Me nyttar HSH sine fasilitetar på campus Rommetveit, Stord. Her kan aulaen nyttast som ein type Black Box for installasjonar med fokus på lys. Elles vil me bruka rom på musikk-/formingsavdelinga og vrimleareal. Målgruppa er bedrifter og enkeltpersonar som arbeider profesjonelt med kreativt uttrykk, og personar som ynskjer å starta verksemd innan kreative næringar. Studentar som tek kunstfag og/eller driv med "noko kreativt" er også velkomne.

Me har invitert med kjente og nye aktørar, og her vil du bl.a. treffa Tarald Tvedten (perkusjon), Torodd Olsen (Lys og lyd), Leif Hedemann (skulptur) Olav Eldøy (interiør). På Fanari Event 1 vil me arbeida med å skapa installasjonar i grupper, i ulike rom, er eit felles tema.

Vil du bli med på noko nytt, annleis og samstundes møta andre som arbeider med eit kreativt uttrykk?

Arrangementet er gratis og det vert sal av mat.

Kontaktperson: Jørund Fjøsne 95779507 innan 10. februar.
Påmelding til: jfjosne@online.no

Meir om Workshops


Nyhende