Nyhende

Medlem i Fanari?

Lagt til 11.06.2010 14:08 av Hege Økland

Medlemsorganisasjon for kreative og kulturbasert næringar i Sunnhordland - Er dette interessant for deg?

 

 Fanari vart etablert som selskap i 2008. Me ynskjer no å etablera eit medlemsorgan som er ope, demokratisk, og der ein kan yta tenester og byggja nettverk, uavhengig av kommunegrenser og lokalisering.

 

Litt om Fanari:

  • Etablert i 2008 av ei gruppe små og store aktørar innan kreative / kulturbaserte næringar, i tillegg til Sparebanken Vest, Stord kommune, SNU Prosjektutvikling og Høgskulen Stord / Haugesund.
  • Fanari har som målsetnad å representera og vera eit talerøyr på vegne av personar og bedrifter i kreative / kulturbaserte næringar i Sunnhordland
  • Arbeider for å synleggjera og utvikladesse næringane gjennom ulike tiltak
  • Arrangerer møteplassar, workshops og kompetanseformidling
  • Arbeider prosjektretta, og hentar finansiering til utviklingsprosjekt frå privat næringsliv og offentlege aktørar. Fanari arbeider no med eit nyskapande prosjekt innan fagområda design / arkitektur / kunst. Tema vil vera produktdesign og omgjevnader. Prosjektet vil lanserast våren 2011.

 I omgrepet kreative / kulturbaserte næringar legg me næringar innan design, reklame, arkitektur og ulike kunstformer; biletkunst, skrivekunst, musikk mm.

 Aktuelle aktivitetar i ein medlemsorganisasjon:

  • Møteplassar - kafé, kreative samlingar, bedriftsbesøk
  • Tilrettelegging av samarbeidsprosjekt
  • Informasjon / fagleg oppdatering / kurs / rettleiing
  • Marknadsføring - kopling mellom næring og kundar
  • Samfunnsretta arbeid - forum for kreativ vekst
  • Arrangera konferansar
  • Andre aktivitetar, ut frå ressursar og medlemmene sine ynskje

Det vert lagt opp til ei relativt låg medlemsavgift,   slik at denne ikkje skal vera til hinder for medlemsskap. Medlemmane skal vera Fanari sin viktigaste premissgjevar. Medlemmane skal sikrast styringsrett over drifta og aktivitetane til selskapet.

Føresetnaden for at me set i verk med etablering av Fanari som medlemsorganisasjon, er at aktørane i næringa sjølve finn dette interessant. Send ein epost til post@fanari.no innan 21. juni der du svarar på eit av desse spørsmåla:

 [   ]  Eg meiner me treng ein slik organisasjon i regionen, og vil vera interessert i medlemsskap i Fanari. Dersom eg skal bli medlem ynskjer eg følgjande (skriv her):

 [   ]  Nei, dette er ikkje interessant for meg.

 Andre kommentarar:

 

 

Meir om Samarbeid


Nyhende