Nyhende
Fanari inviterer til samspel mellom kreative næringar og annan næring!
Lagt til 10.03.2011 09:04 av Hege Økland
Dette vert unikt! Alt saman laga til fordi næringsliv og kreative profesjonar har mykje å lera av kvarandre. Denne kvelden kjem forelesarar som kan belysa verdiskaping frå forskjellinge ståplassar. I tillegg vert det sosial mingling med kulturelle innslag, workshop og servering. Alt dette skjer på Horneland i svært eksotiske omgjevnadar.
Programmet er som følgjer:
18.00: Utstilling av Jørund Fjøsne og Leif Hedman, og konsert med Evolver.
18.45: Dagfinn Aksnes fortel om bruken av design i verksemda Wärtsilä
19.15: Marianne Skjulhaug utdjupar temaet kvalitetssikring
20.00: Pause med enkel servering og sal av drikke
20.30: Terje Vallestad viser korleis ein kan få ein heil by til å dra i same retning
21.15: Goldlog spelar
21.30: Workshop
22.00: Oppsummering
Køyr mot Skjersholmane torsdag 17. mars kl 18.00. Ved siste kryss før frejekaien kjem du til fanari-skilt og lysande faklar. Dei skal du følgje. Hugs å kle deg til ein spasertur på fire minutt.
Pris kr 300,- inklusiv enkel servering. Kontant betaling ved fremmøte. Drikke vert å få kjøpt.
Påmelding innan 15. mars på fanariseminar@gmail.com
Kort om foredragshaldarane:
Marianne Skjulhaug, rektor ved Bergen Arkitektskule.
Sjefen over studentane som skal forme morgendagens arkitektur spør: "Korleis kan ein setje
parameter for kva som er bra og kva som er dårleg? Høg eller låg verdi?" Temaet er kvalitetssikring.
Terje Vallestad, eig og driv Sting Cafe i Stavanger.
Han er manne som klarte å få heile Stavanger med seg for å arrangera Europas første erotiske festival! Elles har han
Kvitløksveka og Litteraturveka på samvitet. Ikkje utan grunn er han nominert til årets kulturperson i Stavanger 2011 i
avisa Natt og Dag.
Dagfinn Aksnes, produktdesingar i Wärtsilä.
Dagfinn presenterer designpraksis og strategiar i Wärtsilä med fokus på å fornya bedrifta sin produktporteflje. Målet er
å skapa slagkraftige verdiar i eit spanande internasjonalt konsern.
Meir om Nyhende