Nyhende
Alt klart for FANARI på Nattrutekaien 9 - 11 desember 2011
Lagt til 05.12.2011 09:30 av Torill Nostvag
FANARI arbeider for å styrkja og synleggjera kreative/kulturbaserte næringar i Sunnhordland. Denne helga har me invitert eit breitt spekter av aktørar og lagt til rette for visning av noko av den kreativiteten som er i Sunnhordland. Aktørane får her høve til å vise fram og selje produkt, setje opp innstallasjonar, knyte kontaktar, møte publikum og kanskje spreie litt julestemning og liv i sentrum?
Det er påmeldt aktørar innan foto, biletkunst, design, tekstil, litteratur, musikk og arkitektur. Blant dei påmelde finn me godt etablerte aktørar og aktørar som er relativt nyutdanna. Nokre av deltakarane er Klara Sofie Ludvigsen (foto), Øyvind Hjelmen (foto), Anna Rommetveit Folkestad (litteratur og biletkunst), Katrine Borgenvik (biletkunst), Leif Hedman (biletkunst), Atle Hansen (litteratur og musikk), Solfrid Sivertsen (litteratur), Olav Eldøy (design) og Monica Sanchez/Dundelina (design/tekstil).
I løpet av helga vert det fleire programinnslag ved deltakarane som publilkum kan delta på.
Heile programmet finn du under KVA SKJER
Meir om Nyhende